Ein kveld tidleg i førre veka syntest butikksjef Torbjørn Brandal på Prix Hareid at det vart så uvanleg stilt i butikken. Etter kvart forstod han at nokon hadde fikla med brytarane slik at ytterdøra berre slapp folk ut av butikken, men ikkje inn. Dette er det nemleg muleg å få til ved å vri på ein veggbrytar. - Dette førte til at vi mista ein heil times omsetning, tilsvarande fleire tusen kroner. Folk som ville inn, måtte snu i døra. I staden oppsøkte dei andre butikkar i Hareid sentrum. Kjedeleg både for kundane og for oss, seier Brandal, som er aller mest skuffa over at ungdom som får lov til å sitje på stolane i inngangsområdet og varme seg, takkar for tilliten på denne måten. Vi har video-overvaking av butikken og veit kven dne skuldige er. Vi vil no tilby han å kome og be om orsaking, så skal vi la det vere med det denne gongen, seier Brandal, som håper at dette ikkje skjer fleire gonger og at dei slepp å låse inne brytarane eller gjere andre kostbare inngrep for å sikre at folk kjem seg inn i butiken som dei skal.