Fylket har sendt over alle innspela til Fjord1 Møre. Samstundes som kommunane ønskjer betre busstilbod, kjem det nye omleggingar av skulestrukturen. Det påfører selskapa nye utfordringar knytt til skuleskyssen i mange av kommunane våre. Men dei økonomiske rammene til selskapa er ikkje auka for 2010, så det er nok ikkje berre lett å løyse utfordringane busselskapa har fått. Knutepunkt på Garnes Fylket vil i samarbeid med selskap og kommunar arbeide med tilbodet på søre Sunnmøre knytt til eit nytt knutepunkt på Garnes. På strekninga Averøy-Kristiansund vil ein òg prøve å få til eit slikt samarbeid. I Molde er det òg eit prosjekt på gang. Møre og Romsdal fylke ber Fjord1 Møre sjå på ønska og saman med kommunane prøve å finne løysingar der det er råd. Fylket minner om at framlegg til større endringar i tilbodet skal sendast ut på høyring til kommunane innan 20. januar 2010.