Går det som leiinga i Hareid Subsea ønskjer, vil det langs ytre molo på Hareid reise seg sjøhus med plass til fiskeri, kontor og leilegheiter. Og i fronten vil det strekkje seg ei 180 meter lang kai.
Slik ser Hareid Subsea føre seg at det skal bli langs moloen på ytre Hareid. Sjøhusa skal oppførast i lokal byggeskikk og dei vil bli porten til og frå Hareid for alle som kjem sjøvegen. Langs moloen blir det totalt 180 meter med kai, og med om lag to meter gangsti framføre sjøhusa. I dag er det berre 30 meter med kai langs moloen på ytre Hareid. Teikn./design: Remi Stridh. Fotomontasje: Richard Flate.