Hei alle saman, sa konsernsjef Gunvor Ulstein til dei tilsette ved verftet, som litt før klokka 12.00 tysdag hadde funne vegen til velferdskantina. No er det så mykje folk som jobbar ved verftet at der ikkje er sitjeplass til alle. Mange måtte innta kontraktskaka ståande. Men det er altså ikkje kva som helst slags kontrakt Ulsteinkonsernet denne gongen kan slå i bordet med. Det er ein Ulstein X-Bow av typen Ulstein SX 121, som blir eit søsterskip av bygg 279, som Island Offshore har kontrahert ved verftet. Eit brønnintervensjonsskip som skal utføre offshoreoppdrag på store havdjupner. Det er altså selskapet Marine Subsea som har kontrahert skipet. Selskapet har allereie inngått kontrakt med det statlege oljeselskapet i Angola, og går dermed rett i oppdrag etter leveringa i juli 2009. Kysten utanfor Angola er svært djup og brønnintervensjonsskipet skal jobbe på djup mellom 1000 til 2500 meter. Skapet skal utstyrast med tårn, offshorekran, ROV-hangar og helikopterdekk. Og det er Ulstein Verft som skal syte for innkjøp og installasjon av sjølve tårnet. Island Offshore mangement skal drifte skipet i Vest-Afrika, og det lokale reiarlaget skal også ha oppfølginga av byggjeprosessen ved Ulstein Verft. Administrerande direktør Christian Nygaard i Marine Subsea var til stades då kontrakten vart kunngjort tysdag. Han opplyser at godt nøgde med at dei har klart å signere kontrakt på eit så nyskapande skip Ulsteinkonsernet har eit godt omdøme ute i verda, og Island Offshore Management er verdsleiande industrileiarar innan brønnintervensjon. Så vi føler oss trygge på at dette skal bli ein solid start, kommenterer Nygaard. Hovudaksjonærane og grunnleggjarane i African Offshore Service, Mårten Rød og Gian Angelo Perucci, har over 25 års røynsle med med offshore og landsaktivitetar i Angola, Nigeria, Gabon og Congo/Brazaville. I tillegg til kontrakten med Ulstein Verft har dei nyleg inngått avtgale om kjøp av tre lektarar til ein samla verdi på 580 millionar kroner. Desse skal brukast i samband med nybygging og vedlikehald av offshoreinstallasjonar. Morten Ulstein, styreleiar i Island Offshore Mangement, opplyser at reiarlaget ikkje er inne på eigarsida. Det er snakk om drifting av skipet. Morten Ulstein kom i kontaktast med Mårten Rød og Gian Angelo Perucci i september i fjor, og dei vart då samde om å prøve å få til eit kvart saman i Afrika. I starten av november var kontrakten med det statlege oljeselskapet i Angola i boks, og Marine Subsea vart klare til å involvere Island Offshore, verdsleiande industrileiarar på brønnintervensjon endå meir i prosjektet. Då var vegen til Ulsteinkonsernet kort, der Island Offshore alt har eit skip av same type under bygging. Administrerande direktør Karsten Sævik opplyser at kontrakten tysdag er den tredje av typen Ulstein SX 121 som skal byggjast ved Ulstein Verft. Meir og meir av oljeinstallasjonane flyttar seg frå havoverflata til havbotnen, og vi ser at spurnaden etter subsea- og konstruksjonsskip aukar. Derfor er dette eit viktig satsingsområde for oss. Med i kontrakten med Marine Subsea er opsjon på eit skip til av same type. Christian Nygaard har god tru på at dette også vil bli bygt. Men å finansiere eit skip til 840 millionar er ikkje alltid gjort i ei handevending.