Kommunen utarbeidde eit utkast til parkeringsplan som vart lagt ut på offentleg høyring tidlegare i sommar. Det kom inn ein del merknader. Særleg var det framlegget om innføring av parkeringsavgift det kom reaksjonar på.

Ikkje parkeringsavgift

Kommunen kan berre innføre parkeringsavgift etter løyve frå Vegdirektoratet, som berre gjev løyve etter uttale frå politiet. Ulstein og Hareid lensmannskontor kan ikkje sjå at det er naudsynt å innføre avgiftsparkering i UIsteinvik sentrum. Kommuneadministrasjonen ser det difor som lite sannsynleg at slikt løyve vil bli gjeve, og melder difor at det på noverande tidspunkt er uaktuelt med avgiftsparkering.

Perkeringshus

Rådmannen rår Ulstein kommunestyre til å godkjenne Parkeringsplanen for Ulsteinvik sentrum, sist revidert 7. juli 2007, som retningsgjevande plandokument. Planen skal leggjast til grunn ved vurdering av alle parkeringsrelaterte saker innanfor planområdet. I planen er det ramsa opp ei rekkje tiltak. Av desse tiltaka er det planane om etablering av parkeringshus på Samfunnshustomta i samband med bygging av idrettshall og bak Sjøgata i samband med forlenging av Trivselsgata, rådmannen vil rå kommunestyret til å gripe fatt i og prioritere. Saka blir lagt fram for teknisk utval onsdag 15. august, før ho går vidare til formannskapet og kommunestyret.