- Det er greitt å betale mykje for å få levert noko som kan setjast inn i den gode marknaden vi har i dag. Men å tinge nytt for levering i 2010, blir for dyrt, seier Lars Peder Solstad ifølgje Dagens Næringsliv. Solstad meiner det har vore ein auke på 50 prosent i verkstadprisane for forsyningsskip dei siste to åra. Han fortel at reiarlaget i Skudeneshavn tente gode pengar i fjor, men at dei framover vil bruke sin kompetanse på nær tilknytt område framfor det å tinge fleire nye supplyskip. Med dagens ordrebok på 12 nybygg undervegs vil Solstad-flåten utgjere heile 46 farty, men no vert det altså ikkje fleire nye båtar, uttalte Solstad-sjefen på ein presentasjon i Oslo nyleg. Reiarlaget sin vekst framover vil verte ved engasjement i marknaden for fjerning og installasjon av offshore produksjonsplattformer, rørlegging og tungløft i samband med oljeverksemda i Asia og Australia. Dagens Næringsliv skriv at Solstad har kjøpt seg inn i andre selskap som skal drive innan det nye satsingsområdet. Det er snakk om investeringar på rundt to milliardar i dei nye segmenta.