Thomas Tinglum er krinsstyrar for Oslo og Akershus KFUK-KFUM og tensingleiar lokalt. Einar Skarstad Egeland sit i leiinga for Nordland Krins. Dei meinte dette landsmøtet var eit godt landsmøte. - Det viktigaste som skjer på eit landsmøte er alltid å få nytt liv i organisasjonen, både i form av meir pengar og aktivitet. Skilnaden i år er at det denne gongen verkar meir gjennomførbart, opnar Egeland. Tinglum forklarer at stemninga tidlegare har vore litt slik at organisasjonen har reagert med å tenkje at dei ikkje er deira skuld at medlemstalet og aktiviteten går nedover. Samfunnet har fått skulda. Men no vil dei ta tak å gjere noko med den negative utviklinga. Det nyttar ikkje å sitje å ro og vente på at utviklinga snur av seg sjølv. - Eg trur dei har levd i ein illusjon om at det ikkje er så ille. Men no er det som ei oppvakning der folk vil gjere noko, meiner Tinglum. Tinglum og Egeland fortel om at organisasjonen har samla seg om nokre planar leiinga har laga. Det vil føre til omorganiseringar i der medlemsverving, auka aktivitet og inntektsarbeid blir prioritert.

Meir synlege

Utsendingane ser for seg at KFUK-KFUM kjem til å bli meir synlege framover. Dei skal bu seg på å meine noko, for det er meir enn nok å meine noko om. Tinglum påpeiker at dei ofte meiner noko, men dei til no kanskje har vore litt redde for å seie ifrå. Kva er det de skal meine noko om? Har de kome fram noko på landsmøtet de skal markere dykk på? Nei, det er ingen spesielle saker. Men me skal førebu oss på å meine noko. KFUK-KFUM er ein barne- og ungdomsorganisasjon med mange medlemer. Me er eit talerør for dei. Eg trur nok organisasjonen i større grad enn tidlegare vil seie ifrå, svarer Tinglum.

Slutt på meis og ulv

Speidarane Lise Storås Høyem (frå Hamar), Kirsten Flåtsund Ravnemyr (frå Sarpsborg), Anders Østeby (frå Asker) og Turid Myrvoll (frå Åsnes) meiner det viktigaste dei fekk utretta på landstinget var å bli samde om grunnreglane. Arbeidsgreinene har fått nye namn. No er ikkje speidarane lengre ulvar og meisar, men oppdagarar, stifinnarar, vandrarar og rover. Dette var ei sak det har vore mange ulike meiningar om, men no har speidarane samla seg om felles namn. Noko anna viktig dei har kome fram til er at femtenåringane no skal få delta i den demokratiske prosessen. - Så no kan me velje ein femtenåring til landssjef, ytrar Anders Østeby. Speidargjengen frå Austlandet skryt av kor godt dei har hatt det i Ulsteinvik desse dagane. Dei har vore på fine utflukter, nokre har budd privat og vêret har vore fantastisk. - Og alle gudstenestene har vore veldig moroe, legg Høyem til. Kvartetten er samde om at programmet har vore litt for tett til at dei har drege skikkeleg nytte av å vere i lag med Noregs KFUK-KFUM. Men dei har likevel fått inspirasjon til å arbeide tettare saman lokalt. Meir i papiravisa i morgon.

Thomas Tinglum og Einar Skarstad Egeland var optimistiske etter landsmøtet i KFUK-KFUM.
Speidarane Lise Storås Høyem, Kirsten Flåtsund Ravnemyr, Anders Østeby og Turid Myrvoll var godt nøgde med landstinget til KFUK-KFUM speidarane.