Ein mann frå Herøy har meldt frå om at nokon i løpet av helga har forårsaka skadeverk på både mopeden og båtmotoren hans. Mannen hadde ståande ei kanne med bensin, og fylte på begge framkomstmiddela sine. Men motorane hosta og harka, og etter kvart fann han ut at det var vatn han hadde forsynt motorane med. Nokon har bytta ut bensinen med vatn. Saka er meldt til politiet.