Måndag kveld vart Julenattinèen framført to gongar. Begge framsyningane var utselde på førehand. Det var lagt ut 340 billettar per framsyning, altså 680 billettar til saman. Om ein reknar med aktørane var det 400 personar inne i kyrkja på kvar framsyning. – Vi ville gjerne hatt fleire inne, men vi må sette ei grense på grunn av branntryggleiken, forklarer Øyvin Sønnesyn. – Kan det vere aktuelt å ha tre framsyningar neste år? – Det er tidkrevjande og ressurskrevjande for alle som er med, midt inne i førjulstida. Så eg trur vi kjem til å halde oss til to framsyningar også i framtida, seier Sønnesyn.

Lokale talent

Årets Julènattine var den 11. i rekkja. Ulstein Sokn ved Kyrkjemusikkutvalet er arrangør. Publikum fekk oppleve 21 innslag. – Målet vårt har heile tida vore å samle talent med lokal tilknyting, seier Sønnesyn. Nokre av artistane som deltok, har vore med før. Andre var med for første gong. Deriblant Maria Vågen Vattøy, Frid og Glede, Vegard Aksnes og Rak Marie Hatløy. I tillegg til dei lokale, var det henta inn nokre krefter utanfrå. Ei av dei var Frøydis Grorud frå Drammen som spelar saksofon/fløyte. – Mange kjenner Frøydis frå TV-programmet "Beat for Beat". Vi føler oss beæra og oppløfta over at ho ville ta del på julenattinèen. Ho er ein veldig jordnær og positiv person, seier Sønnesyn. Vi kjem tilbake med meir om julenattinèen i papirutgåva vår tysdag 30. desember. I tillegg har vi lagt ut ein eigen biletserie frå konserten som du kan finne her på nettsida vår.

Øyvin Sønnesyn spelte på ein gitar frå Sør-Afrika i eitt av innslaga.