Med på lasset kjem Coca-Cola-nissen og mykje moro for heile familien. Dagleg leiar ved Rema 1000, Jonny Mork, fortel at borna som kjem får ei gåve med nissen, og høve til å ta bilete saman med han. Bilen er ei klassisk amerikansk Kenworth trekkvogn med tusenvis av lyspærer, og ein diger semihengar på slep. Den er pynta med sjølvlysande julenissedekor og enorme Coca-Cola logoar. – Det er eit spesielt køyretøy som opplevast like unik som den gjer i reklamen, seier kommunikasjonsdirektør Stein Rømmerud i Coca-Cola om traileren som er originalen frå reklamen. Bilen blir ståande ved Rema 1000 frå 13.00 til 18.00.
Nyhende →
Coca-Cola traileren til Ulsteinvik i dag
Traileren frå julereklamen til Coca-Cola er på rundreise i Noreg for å skape julestemning, og laurdag kjem den til Rema 1000 i Ulsteinvik.