Med hjarte for Melodi Grand Prix anten det er Noreg eller Danmark ein heiar på: F. v: Ingrid Falch, Marian Wingsternes, Anne-Lise Holm, Elisabeth Hareide, Hanne Notøy og Gry-Anita Nordhaug. Foto: Iselin Nevstad Øvrelid

Mimring om gamle Melodi Grand prix-låtar frå Eurovison Song Contest som det heiter på engelsk, rare hårfrisyrar og glitrande antrekk, er det heite samtaleemnet ved Kaffebaren i Ulsteinvik når damegjengen på biletet er samla for tida.

Eigen festkveld

Gledesrusen over at Noreg med Alexander Rybak vann Melodi Grand Prix i fjor, har enno ikkje lagt seg, og vonbrotet over å ikkje få tak i billettar til det storspekka showet i Telenor Arena på Fornebu, førte til at dei fekk drivaren av Kaffebaren, Linn Wingsternes med på å invitere inn til “Melodi Grand Prix-kveld” laurdag 29. mai.

– Vi måtte gjere det beste ut av det då Oslo-turen gjekk i vasken. Kvifor ikkje samle alle dei som har lyst til å vere med på ein kveld med høg glamfaktor og god stemning, lokkar Hanne Notøy.

Norske versus danske

For dei spreke damene har songkonkurransen vore ein tradisjon i mange år, og noko som dei såg fram til gjennom oppveksten.

– I dag er det slik at når fredagen kjem, dagen før dagen, er det ingen som skal sjå showet på fjernsynet. Likevel er det alle som snakkar om songkonkurransen måndag i lunsjen, ler Hanne Notøy som nok kan kallast ein ihuga Melodi Grand Prix-entusiast. Minst like engasjert er Jorunn Hildonen som ikkje kunne møte lokalavisa denne dagen. Dei to damene har sydd seg spesielle glitrande antrekk i høve songkonkurransen.

Noko som har skapt stor begeistring blant resten av damene som er svært spente på det ferdige resultatet. Notøy kan avsløre at antrekket hennar er prega av glitter, sommarfuglar og ein smule julepynt.

Søkjer kypriotisk flagg

Flagga er også på plass. Dei kjøpte Notøy i Danmark i påska. På eine sida har ho teikna på eit blått felt slik at det vert norsk, på andre sida er det framleis det danske flagget som rådar.

– Ein for anten heie på?Noreg eller Danmark, ler gjengen som etterlyser eit kypriotisk flagg på Kaffebaren denne kvelden. Dette fordi Sylvia Strand frå Ulsteinvik og mannen Jonathan har skrive arrangementet til melodien “ Life looks better in spring” som representerer Kypros i årets konkurranse. Ho deltek også på framføringa av melodien, på piano og koring.

– Er det nokon som har eit flagg, så hadde det vore supert om dei ville låne det til oss, legg Notøy til.

Minne for livet

Damene har alle sine eigne Melodi Grand Prix-minne. Anne-Lise Holm hugsa spesielt godt då mora hadde vore over hos naboen for å sjå på songkonkurransen og kom tilbake og fortalde om dei fine kjolane i sprudlande fargar. Ho sjølv hadde berre sett Melodi Grand Prix på svart/kvitt-fjernsyn.

Året etter fekk ho også sjå songkonkurransen i fargar. Hanne Notøy hugsar svært godt talen til sokneprest i Ulstein, Atle Hopland, då det var konfirmasjonsgudsteneste i 1985. – Det var året før eg vart konfirmert og talen i 1986 hugsar eg ikkje mykje av. I 1985 derimot, laurdagskvelden før det skulle vere konfirmasjon i Ulstein, så vann Noreg Melodi Grand Prix med Bobbysocks’ “La det swinge”. Atle Hopland hadde heilt sikkert skrive om konfirmasjonstalen sin den natta, for under opninga av talen var det orda “La det swinge, la det rock n’roll” som breidde seg utover forsamlinga.

Då var det nok mange som trekte på smilebandet, humrar Hanne Notøy og resten av gjengen.

– Det er heller ikkje så lett å gløyme det året Sverre Kjelsberg og Mattis Hætta framførte “Samiid ædnan” i songkonkurransen. Sjølv om dei ikkje vann Melodi Grand Prix, så førte det til at heile Europa gjekk rundt og joika den sommaren, ler dei. Grand Prix-helten deira er likevel Jahn Teigen som har vore med tallause gongar. No har dei starta ei eiga gruppa på nettsamfunnet Facebook der dei inviterer folk til å delta på “Grand Prix-kvelden”. Dei lovar mykje liv og god stemning.

– Alle er hjarteleg velkomne. Dette vert kjempekjekt, understrekar alle dei seks glade Grand Prix-entusiastane.