Ingvild Liaset Røren (midt på biletet i grå genser) kom på 7.-plass blant alle norske sjuandeklassingar som var med på matematikkonkurransen. Til venstre: lærar Siv Moe Hjelle for klasse 7B ved Hareid skule. Inspektør Cecilie Bjørlykke (t.h.) delte ut dipomane. Foto: Anne Gry Eilertsen

- Matematikk er eit av yndlignsfaga mine, fortel Ingvild Liaset Røren når inspektør Cecilie Bjørlykke overrekkjer diplomet med det gode resultatet. Ved Hareid skule er det klasse 7B som har vore med på konkurransen.

Lærar Siv Moe Hjelle fortel at ho likar å gje både seg sjølv og elevane litt ekstra ufordringar. Kengurukonkurransen innbyr til “tenkerekning” og matematikk i praksis.

Opplegget er inspirerande både for elevane og lærarane, meiner Moe Hjelle. Elevane ved Hareid skule har på nasjonale prøver scora dårleg i matematikk, og matematikk har derfor blitt eit satsingsområde for Hareid kommune. I tillegg til den flotte plasseringa som Ingvild Liast Røren fekk, var det to elevar i 7.-klassa som kom tett opp under 10.-plassen nasjonalt, og resultatet for resten av klassa var også godt.

- Eg er overtydd om at oppgåvene i Kengurukonkurransen er med på å byggje bru mellom matematikken frå barneskulen til ungdomsskulen - og dei nasjonale prøvene som då kjem, kommenterer Cecilie Bjørlykke. Kengurukonkurransen er altså ein internasjonal matematikkonkurranse, der elevar frå 4. til 10. trinn kan delta.

Dei får utdelt 18-24 oppgåver med utradisjonell vinkling, alt etter kva klassetrinn dei er på. Elevane får 5 svaralternativ for kvar oppgåve.

- Oppgåvene gir liv til matematikken. Elevane har jobba iherdig, og det har verkeleg jobba iherdig, fortel Moe Hjelle.