Det kom fram då kaptein Frank Reiersen forklarte seg for granskingskommisjonen under ei høyring i Oslo i dag (tysdag), melder smp.no. Reiersen var kaptein på skiftet som starta jobben med å flytte riggen Transocean Rather vest for Shetland. Nokre dagar før ulykka skifta "Bourbon Dolphin" mannskap, og ein eller annan gong etter mannskapsbytet vart skipet sett til å vere hovudfartøy, i staden for hjelpefartøy. Reiersen kunne ikkje svare på kvifor rollene vart bytta om. - Då vi gjekk gjennom prosedyrane for riggmovet under eit møte i Aberdeen, og eg såg kva belastningar det kunne verte snakk om, var eg ikkje komfortabel med tanken på "Bourbon Dolphin" som hovudfartøy. Men det var aldri meininga av vi skulle vere det, sa forklarte Reiersen ifølgje smp.no. Men det faktum at "Bouron Dolphin" vart brukt som hovudfartøy. Dekka risikoanalysen som vart gjort i forkant denne eventualiteten? ville kommisjonsmedlem Dag Andreassen vite. Reiersen svara nei. Ser du at det kan medføre stor risiko å arbeide på denne måten? ville Andreassen vite. I dag gjer eg heilt klart det, svara han.