For å utvikle det planlagde arboretet, ønskjer Jan Remmereit å få lov til å oppretthalde fyllinga og strandområdet slik det no er på Havågneset og gjerdet i nabogrensa vil han òg ha der.

Jan Remmereit ønskjer å utvikle eigedomen på Havågneset til arboret, som gjev grunnlag for forsking, formidling, oppleving og rekreasjon, skriv Sporstøl Arkitekter i brev til Ulstein kommune. Eigedomen skal vere open for ålmenta.

Tiltakshavar ser føre seg å utvikle samarbeid med forskingsmiljø som Runde Miljøsenter og andre.

– Alt tyder på at det i dette området kan leggjast grunnlag for forsking i forhold til mange tema, med utgangspunkt i planteliv på land og i vekstbeltet i sjøen.

Det er i denne samanhengen Remmereit meiner han treng fyllinga ut til holmen. Fyllinga vil skape le og fungere som planteområde for vekstar nær flomålen. Det primære ønsket om å behalde fyllinga må vurderast jamfør planen om å utvikle arboretet og forsking knytt til dette.

Treng så høgt gjerde

Sporstøl Arkitekter skriv i brevet til kommunen at tiltakshavar treng så høgt gjerde som han har ført opp rundt heile eigedomen. Gjerdet hindrar hjort i å ta seg inn på området og trampe ned plantane og ta med seg flått inn på tomta.

Men i samråd med kommunen kan dei kome fram til ei anna utforming på gjerdet, fleire portar og dei kan setje opp skilt som fortel turgåarar at området er ope for ålmenta.

Skrive intensjonsavtale

Nils Roar Hareide skreiv den første oktober ein intensjonsavtale med Jan Remmereit om samarbeid. Dei har laga ei forprosjektskisse med mål om vidare utvikling mot eit hovudprosjekt.

Mellom anna vil dei vurdere aktuelle plantar/vekstar med tanke på biotryggleik (døme: veksthus jamfør friland). Dei vil prøve ut vekst av utvalde plantar på Havågneset og nokre andre stader. Og dei vil vurdere dyrkingspotensial for relevante makroalgar frå integrert oppdrett (fisk/algar).

Vikebladet Vestposten lukkast ikkje med å kome i kontakt med Jan Remmereit for ein kommentar.