Russeavis-redaktør Hans-Olav Rise

Årets russeavis er no ute for salg, og kjem ikkje russen på døra di, er ho å få kjøpt på 17. mai. Redaktør for russeavisa, Hans-Olav Rise, er fornøgd med resultatet.

– Målet for avisa var å gjere den betre enn føregåande år. Eg ville ha inn russeomtale på all russen, og få meir redaksjonelt stoff, fortel Rise.

– Det målet nådde eg, og alle russeomtalane kom omsider inn, held han fram. I avisa kan du lese om dagsaktuelle og debatterte tema, presentert på ein ny måte. Blant anna har nokre kjende fjes blanda seg inn. – Åge Hareide ville uttale seg i ei viktig sak, noko som er god lesing, fortel Hans-Olav.

– Tunnelplanar og golfbane er andre tema.

Overskot til kreftsaka

Overskotet frå årets russeavis, som har fått namnet Oskekladden etter den litt leie skya som har plaga Europa den siste tida, går til Christoffer Remøy Endresen og kreftsaka.

Christoffer Remøy Endresen skal i sommar sykle Noreg rundt for kreftsaka, og sidan han i år er russ, var dette ei sak som burde støttast. Remøy Endresen sjølv er rørt over all støtta.

– Eg synest dette er kjempegreier, og utruleg kjekt. Slik som russen har vore i Ulsteinvik i forhold til kreftsaka, gjennom innsamling, har vore heilt fantastisk. Det er heilt rørande, seier han.

Han oppfordrar absolutt alle til å spandere på seg ei russeavis.

– Eg oppfordrar alle til å kjøpe russeavisa. Der er veldig mykje morosamt stoff i ho, og når det i tillegg går til ei god sak er det berre å kjøpe, avsluttar han.