Oskar Grimstad seier til Sunnmørsposten at kommunane på Ytre Søre Sunnmøre no har ein historisk sjanse til å kombinere kommunesamanslåing med å oppnå nasjonalt fokus og støtte til HAFAST-planane.

- Den store gevinsten får vi dersom alle dei fire kommunane slå seg på lag. Gevinsten ved å slå saman Ulstein og Hareid er så liten at ein like godt kan få til det same utan samanslåing, seier han - men tilkjennegir likevel at han er tilhengar av kommunesamanslåinga på Hareidlandet.

Oskar Grimstad opplyser at han vil skrive brev til kommunalministeren og peike på dette.

Når både kommunane og næringslivet i dei fire kommunane ønskjer eit samband mot Ålesund, då bør alle gode krefter vere med og løfte fram Hafast. Det skulle elles ligge godt til rette sidan alle dei fire kommunane for tida har Høgre-ordførar - og i tillegg er også Ålesund høgrestyrt, meiner FrP-stortingsmannen.

Som fylkesleiar i FrP vil Oskar Grimstad også opne for ei delfinansiering av Hafast med bompengar, dersom også staten går inn med pengar.

Ei slik satsing vil kunne opne for Rovdefjordbrua og Sande Fastlandssamband sine prosjekt. - No er tida inne for å tenke stort, seier Grimstad til Sunnmørsposten.