LES OGSÅ: Vurderer å ta opp att helikopterleitinga

Klokka 0010 natt til torsdag vart det sett i verk ein leiteaksjon etter ei kvinne på 85 år i Ulsteinvik sentrum. Kvinna er sist sett like etter kl. 1630 tysdag ettermiddag, då ho gjekk frå bustaden sin i Ulsteinvik sentrum. Ho vart meld sakna onsdag kveld.

Kvinna er ca 160-165 cm høg. Ho hadde på seg beige kåpe m/pelskrage, svarte støvlettar og brun/rød hue. Ho brukte gåstavar.

Kvinna bur åleine i eit hus i sentrum.

Mange er med og leitar

Mannskap frå politiet, Røde Kors og Norske redningshunder deltek i søket.

SeaKing-helikopter frå Florø har delteke i leiteaksjonen med varmesøkande kamera, men har no avslutta søket.

I samråd med familien har politiet gått ut med namnet. Det er den 85 år gamle Pernille Indreeide som er sakna. Ho er kjend under kallenamnet "Lillemor".

Dersom nokon har observert henne, ber politiet om at dei umiddelbart tek kontakt med dei.

Vidare oppfordrar politiet huseigarar i Ulsteinvik om å sjekke eigedomane sine.

Dette er ein ekstraartikkel for mobilbrukarar, som ikkje kan sjå video-saka.