Politiet karakteriserer slåstkampen som ei salig røre, der alle hevda at dei var den fornærma part, angripne av andre. Meldinga om slåstkampen kom klokka 03.45, og politiet har namna på alle dei involverte. Dei er i alderen 20-21 år og alle kommunane på Ytre Søre Sunnmøre er representerte. Kanskje det var ein krinskamp?