Forholda er både gode og vakre på Grimstadvatnet i dag, søndag 29. januar. Foto: Anne Gry Eilertsen

Isen har frose til på Grimstadvatnet. I dag, søndag, er det mange som har funne vegen til Grimstadvatnet for å gli over stålisen. Men ver forsiktig. Vil du vere trygg, stopp før du har kome midt på vatnet. Og uansett kor tjukk isen er gjeld regelen om ikkje å gå for nær osen. Det veit dei som har gått på skeiser på Grimstadvatnet frå barnsbein av, men ikkje alle innflyttarar til Hareid og Ulstein.

Yr.no melder om pluss 2 og 1 grad måndag og tysdag. Deretter skal det bli minusgrader i minst ei veke framover. Så om du ikkje rakk å finne fram skeisene søndag, kan det by seg ein ny sjanse neste helg.