Skrive av Jon-Arild Vatne:

Hareid-damene tok i mot Molde-klubben Rival i serieopninga og dei første minutta i kampen vart jamne. Hareid-keeper Ella Karin Haugen satte tidlig tonen med gode redningar. Det var mange angrep begge vegar før Hareid fikk lurt inn 1-0 etter nesten 5 minutt.

Laga følgte kvarandre tett og det var sjeldant meir enn eitt mål imellom dei. For Hareid var Andrea Fjeld Hansen meget aktiv med mange tidlige avslutningar. Rival-benken var i timeout nøgde med at Hareid stressa i ankomsten, slik dei såg det.

Uttellinga for Hareid var varierande, etterkvart sat skota betre og Fjeld Hansen prikka inn mange tunge skudd. Ella Karin Hansen fortsatte å markere seg i Hareid-målet med redning etter redning. June Bergseth var jamt over giftig frå straffemerket.

Hareid hadde ei 9-7 leiing i det 23.minutt når Fjeld Hansen fikk ein to-minuttar. Det kladda for Hareid i denne perioda og Rival henta seg opp til 9-9. Men Hareid avslutta omgongen bra og tok seg til pause med 11-9 etter to Fjeld Hansen-mål.

I starten av 2.omgang såg det lyst ut for Hareid-damene. Rival-spelet gikk i stå, og Hareid scora fleire mål uten svar frå Rival. Ein kunne å byrje å tru at dette ville bli lett match.

16-11 vart til 19-15 med 10 minutt igjen av speletida. Men etter ein timeout skulle Rival byrje å knappe inn på leiinga. Rival-damene ante en sjanse til å ta eit etterkvart slitent Hareid-lag. Dei kraup seg sakte men sikkert opp til 19-18.

Kampen sto og vippa. Då var det dags for at Linda Kostaris smelte inn 20-18, eit særs forløysande mål som tok Hareid ut av ein dårlig spiral. Målet vart snarlig etterfulgt av to sterke strekscoringar av June Bergseth.

Det vart fortsatt litt Texas i avslutninga og Rival missa på ei kontring som kunne tatt dei heilt i ryggen på Hareid med under eitt minutt igjen. Hareid tok siste stikk når dei fjerna all tvil ved å score 23-20 rett før signalet gikk.

Trenar Stasys Galdikas var letta og glad etter sigeren:

«Vi vart stressa i 2.omgang men eg er veldig glad no. Eg trur nok at jentene blei slitne og dei gløymte noko av hovudtinga vi har fokusert på, det er ein læringsopplevelse. Skal ein spele 60 heile minutt blir det vanskelig, spesielt for June som er strekspelar, vi har kun ein strekspelar. Vi har ikkje like-for-like bytter i alle posisjonar. Men slik som eg ser det frå sidelinja er jentene sterke. No har vi nesten ein måned før neste kamp med tid til å jobbe med ting på trening.»

Kampfakta: Hall: Hareidhallen

Tilskodartal: ca 255.-divisjon damer: Hareid - Rival 23-20 (11-9)Hareid: Ella Karin Haugen, Linda Kostaris (3), Sara Bigset, June Bergseth (8), Sunniva Liaset, Susanne Bigset, Gunhild Feiring, Maria Juul Hansen (1), Lene Mari Andresen (1), Marte Giske (1), Andrea Fjeld Hansen (9).

Foto: Jon-Arild Vatne
Foto: Jon-Arild Vatne
Foto: Jon-Arild Vatne