I byrjinga av november lanserte Tussa nye nettsider og Facebook-sider. I samband med det sparka dei i gang ein konkurranse for å kåre den tøffaste fotballtrøya på søre Sunnmøre. 19 fotballag meldte seg på i konkurransen. Avstemminga gjekk føre seg på Tussa sine nye Facebook-sider.
Responsen på konkurransen var formidabel. I løpet av november stemte rundt 7 000 personar på sin favoritt. Totalt kom det inn heile 119 788 stemmer!
Premieutdeling
Tysdag 4. desember var det premieutdeling på Tussatun, der det vanka pengepremiar til både Hovdebygda IL og Volda TIL.
- Eit av Tussa sine mål på Facebook er å engasjere, og denne konkurransen har verkeleg gjort det. Dei lokale idrettslaga våre har vist stort engasjement og fått enorm støtte frå lokalmiljøet. Vi er glade og stolte over å kunne gi eit bidrag som kan vidareutvikle dei gode fritidstilboda i området vårt, seier Lise Ulstein, sals- og marknadssjef i Tussa.
Poengfordeling
1. Hovdebygda 49.759
2. Volda IL 47.804
3. Ørsta IL 5.604
4. Hornindal IL 4.598
5. Sæbø IL 2.442
6. Vartdal IL 1.366
7. Larsnes IL 1.242
8. Hødd IL 1.131
9. Bergsøy IL 824
10. Tjørvåg IL 807
11. Hasundgot IL 773
12. Hareid IL 746
13. Gursken IL 516
14. Gjerdsvika IL 507
15. Åram/Van Kam FK 468
16. Gurskøy IL 441
17. Åmdal IL 296
18. Haddal IL 267
19. Flø IL 161