Førre veke skreiv Vikebladet Vestposten om at brørne Bård og Vegard Ylvisåker kjem til Sjøborg den 6. februar med framsyninga Ylvis 4. Billettane vart lagde ut for sal fredagsmorgonen, og i løpet av helga vart billettane rivne vekk. Kulturkontoret jobbar med å få til ei ekstraframsyning tysdag 5. februar.

Men Sjøborg har mykje meir å by på denne våren.

Nyttårskonsert

Laurdag 12. januar er det tid for nyttårskonsert med ULF og HDU. Desse konsertane har blitt ein årleg tradisjon som mange vil ha med seg. Det er difor sett opp to framsyningar denne kvelden.

Det blir også nyttårskonsert med Sunnivakoret.

Ingrid Bjørnov

Laurdag 19. januar kjem Ingrid Bjørnov med showet “2012 Overturen”. Showet har fått særs gode tilbakemeldingar, og salet på Sjøborg er alt godt i gang.

Mykje å gle seg til

Denne våren er det fleire høve til å trimme lattermusklane sine på Sjøborg. Det blir framsyning med Raske Menn, Anne Kath Herland og radarparet Ina Breivik og Ørjan Liavåg i “Margot får besøk”, der Liavåg speler ein fem-seks roller.

Det blir flotte konsertar. Mellom anna blir det konsert med Sivert Høyem.

Så her er mykje å gle seg til!