Om lag 40 sjetteklassingar drog av garde for felles hyggje og leik på isen. Det hadde snøa ein del om natta, så det var ei utfordring og rydde isen.
Skeiseskyting
Ute på isen gjekk dei derfor i gang med å moke plass til hockeybane og skeisebane. Og skeisebana slurva dei ikkje med, ho skulle vere så realistisk som mogleg.
Dei kalla sporten skeiseskyting. Sjølve bana gjekk i ein stor sirkel, så kom deltakarane til ein spade som stod med skaftet i snøen. Her kulle dei treffe skuffa med snøball. Bomma dei – ja, då måtte dei ta ein strafferunde rundt ein stein som stakk opp frå isen. Elevane storkosa seg.
Takkar SUFH
To av lærarane på staden var Rigmor Ulstein Johansen og Eldar Stein Flø. Eldar Stein utnemnde seg sjølv som vaktmeister og baneryddar for gjengen som spelte ishockey. Rigmor heldt orden på skeisebana som gjekk rundt den hockeybana.
Eldar Stein og Rigmor retta ein stor takk til Henrik Petersson på Sunnmøre Folkehøgskule for at han tok turen til Grimstadvatnet med snøskuffer og skeiser. Ein stor takk går også til klassekontaktane som stilte opp med transport til og frå Grimstadvatnet.
– Dei fortener all ros dei kan få, strålt dei ute på glattisen.