Entreprenøren Aurvoll og Furesund AS frå Herøy har dei siste månadene jobba på spreng for å få ferdig det om lag 500 meter lange vegstykket til opninga tysdag. Vikebladet Vestposten skreiv førre veke at gangfeltet langs vegen ville stå att til nyttår, men det synte seg tysdag at også dette stod ferdigstilt og klart til overlevering til Ulstein kommune.

Kreative idear

Dagleg leiar Eivind Berge i Aurvoll og Furesund innleia opningsseremonien med å takke for oppdraget og tilliten dei har fått frå kommunen sine representantar.

– Det er synd at Odd Kåre Wiik ikkje kunne vere her i dag. Vi vil gjerne rose han for jobben som prosjektleiar. Vi har hatt eit godt samarbeid kor vi i fellesskap har funne gode løysingar og kome opp med kreative idear som har gjort at prosjektet har gått smidig og godt, stadfester Berge.

Før Berset fekk sleppe til ordet, overrekte Berge blomar til dei ulike representantane i kommunen som ein takk for oppdraget med Øvrevegen.

“Missing link”

Ordføraren opna talen sin med å ynskje velkomen til opninga av Øvrevegen. Spesielt velkomen ynskjer han Sætra barnehage, som stod pynteleg til med norske flagg og jubla.

Berset fortel til forsamlinga at Øvrevegen har vore planlagt i mange år tilbake.

– Vegen var faktisk planlagt for første gang i kommunen sin generalplan i 1975. Det tyder på at det tek tid å planleggje å byggje vegar. Men det som har skjedd dei siste 40–50 åra i Ulsteinvik sentrum og vidare opp til her vi står i dag – er berre eit eventyr, fortel Berset.

Berset legg til at det er både nødvendig og heilt på sin plass at vegen endeleg står ferdig.

– Vegen representerer eit samanhengande system som eg er heilt overbevist om at bebuarane i Onglasætra vil setje spesielt stor pris på. Den er med på å gje handlefridom for dei som bur her – og for dei som ynskjer å etablere seg her oppe. Vegen har lenge vore ein “missing link”, som heilt sikkert vil vere med på å avlaste andre vegprosjekt i Ulsteinvik også, slår Berset fast.

Avslutningsvis rettar han ein stor takk til entreprenøren sin innsats med vegen, og kvaliteten som dei har lagt ned i arbeidet.

– Det er eit framifrå godt gjennomført arbeid, applauderer Berset i talen sin til slutt.

Bilkolonne

Etter talen leitar Berset fram saksa som ligg på innerlomma.

Han klipper snora, og erklærer Øvrevegen for offisielt opna. Både barnehagen, entreprenøren og kommunen klappa og la til ein liten jubel.

Ulsteinordføraren kom til opninga med stil, og reiste frå staden med stil. Johannes Klungsøyr frå Hareid hadde stilt sin 1938-modell til disposisjon, kor han sjølv var sjåfør for ordføraren.

Etter snorklippinga tok dei turen gjennom Øvrevegen saman med fleire av firmabilane til Aurvoll og Furesund. Med andre ord ei flott markering av den nye vegen.

Tryggjer skuleborna

Ein av Øvrevegen sine næraste naboar er Endre Vatne som bur i Onglasætra. Der har han budd saman med kona si i om lag tre år.

Og Vatne ynskjer sjølvsagt Øvrevegen velkomen.

– Eg pendlar til jobben min i Ålesund kvar dag. Med Øvrevegen vil eg spare fleire minutt på å køyre den nye vegen som knyter seg direkte til riksvegen over Hareidseidet. Samstundes vert det betre om vinteren, sidan vi opplever at det ofte er stålis på vegen ned bakkane frå Onglasætra. No har vi ei flat og bein strekning i staden for, smiler Vatne.

Vatne har også vore bekymra for skuleborna som må ta seg ned bakkane som har vore tungt belasta med utforkøyringar vinterstid.

– Ved at trafikken no kan velje ein annan veg vert det tryggare for borna som ferdast til skule og barnehage. Det er positivt, avsluttar Vatne, som legg til at det er ein fin veg kor det har vore utført eit flott arbeid.

Ordføraren kom til opninga av Øvrevegen med stil. Johannes Klungsøyr stilte med bil og som sjøfør, med sin flotte 1938-modell Pontiac, som på den tid vart bygd av General Motors. Dette er ein vanleg firedørs, med sekssylindra rekkjemotor. Klungsøyr har sjølv restaurert bilen, noko han gjorde i 1984–1986. 1986 var blant anna året då bilen hadde 100-årsjubileum. Foto: Joar Drønnesund
Sætra barnehage i Onglasætra prøvegjekk gangvegen i framkant av den flotte opninga. I tillegg stilte dei opp med norske flagg og eigen vegsong. Dei fekk applaus frå kommunen og entreprenøren. Foto: Joar Drønnesund