Etter å ha motteke tips om særs vingletekøyring i Hareid, der køyretyet vart observert både på og utanfor vegen, la politiet ut på jakt onsdag kveld. Dei fann den aktuelle bilen senere på kvelden. Då kom dei også over bilføraren. Mannen, ein utlending i 30-åra, hadde gått til sengs og i følgje politiet var han svært rusa.
Mannen hadde ikkje noko anna val enn å stå opp og bli med politiet for å få tatt blodprøve. Han er tidlegare dømt for promillekøyring og har difor heller ikkje førarkort.
Saka vert etterforska ved lensmannskontoert i Hareid og Ulstein.