- Diskusjonen om det skal vere oppdrett eller ikkje i Brandal er over. Det er likevel ein anna diskusjon i høve dispensasjonen Salmar søkjer om. Eg ser både fordelar og ulemper med den, fortel ordførar Anders Riise i Hareid kommune.

Den siste tida har mellom ann Hareid historielag gått ut med ein protest mot Salmar Organic sin dispensasjonssøknad for eit utvida akvakulturanlegg mellom Brandal og Kvitneset. I fylgje Anders Riise er det ein del arbeid som står att før ein får ei avklaring.

- Først må ein få inn alle høyringsuttalelsane før administrasjonen skal kome med si instilling, seier Riise som også fortel at Kystverket og fiskerikontoret skal kome med sine uttalelsar.

Når det gjeld ferdselen langs strandlinja i Brandal, trur Riise at det vil verte betre høve til dette enn tidlegare, då eit nytt anlegg er planlagt å liggje lenger ut i fjorden.

Hareid kommune har sett 12. august som høyringsfrist for merknadar og innspel kring dispensasjonssøknaden.