Dette går fram av Ulstein kyrkjelyd sine statistikkar for det siste året. Det gjennomsnittlege frammøtet på gudstenestene var 199, som er de høgaste talet på denne sida av tusenårsskiftet. Så seint som i 2005 var frammøtet til gudstenestene nede i ein snitt på 167. Talet gjeld for alle gudstenester i soknet. Frammøtetalet til hovudgudstenestene - berre i kyrkja - er på gjennomsnittleg 234, som er det nest høgaste talet på denne sida av årtusenskiftet. Berre fjoråret låg over (235). 2008 var også eit år der det roa seg med utmeldingar frå kyrkja. I 2007 melde 10 personar seg ut av statskyrkja i Ulstein. I fjor berre 4. BERRE 2 PROSENT I SNITT Den delen av folket som sluttar opp om gudstenestene er likevel ikkje høg. I fjor deltok i snitt 2 % av ulsteiningane pr. gudsteneste - mot 1,9 prosent året før. Det høgaste prosentvise gudstenesteframmøtet på Søre Sunnmøre finn vi i Sande - der gjennomsnittleg 3,9 % av innbyggjarane møter til gudsteneste kvar gong. Det prosentvise frammøtet er lågast i Ørsta (1,6 %) og Hareid (1,8 %). Medan Volda og Herøy ligg på 1,9 % - og Vanylven på 2,4 %. Det er verdt å poengtere at ei forklaring på låg prosentvis gudstenestetilslutning kan vere eit stort innslag av flyktningar og innvandrarar med ei anna religiøs tilknyting.