Konkurransen blei avvikla etter Texas Scramble-metoden. To og to konkurrerte på 9 hol. I utgangspunktet blir det lagt opp slik at ein med høgt handicap spelar saman med ein med lågt handicap. Nemnde turneringsform er både sosial og inkluderande overfor nybegynnarar av sporten. For kvart slag som er unnagjort spelar ein vidare på den beste ballen som den aktuelle duo har prestert. Den som har gjort eit dårleg slag blir tilgodesett ved at vedkomande får slå frå same punkt som der beste ballen (makkeren sitt slag) har hamna. Vil du lese meir om korleis det gjekk med opninga av golfbanen får du vente til papiravisa tysdag.
Nyhende →
-
Sunnmøre Golfklubb har starta sesongen. Dette skjedde i helga, då dei lokale golfarane gjennomførte årets første konkurranse på den flotte 18-hol-bana ved Snipsøyrdalen på Hareid.