Det har lenge vore snakk om at noko måtte gjerast. Men skal noko gjerast held det ikkje å snakke om det, nokon må ta initiativ til å gjere orda om til handling. Det var det Peter og Marit Flø gjorde. Dei gjekk inn som styremedlemer i Flø Idrettslag, der målet var å få på plass ein leikeplass. Idrettslaget søkte etter sponsormidlar, og fekk tilslag hjå Sparebank 1, Tussa og Flø Feriesenter. I tillegg har dei tent pengar på å selje kaffi og kaker på kunstopningane på Studio Hugo Opdal. Elles har det kome inn ein del pengar frå fløfolket, etter dei fekk eit rundskriv om at det no blir ny leikeplass. Etter kvart som leikeplassen har teke form, er det fleire som har betalt. Og pengane kjem godt med. Den nye leikeplassen kostar 70 000 kroner. Der blir sandkasse, klatrestativ, dippedue og ymse anna kjekt for dei små. Trong samlingsstad Peter og Marit har ikkje born sjølve, men var interesserte i å gjere det kjekt for born å bu på Flø. Peter fortel at før dei byrja arbeidet med leikeplassen talde dei til saman 35 born mellom 0 til 15 år. – Så det var på høg tid at det skjedde noko, konstaterer Peter. Han vil at ungane skal kome seg ut å leike, ikkje berre vere inne til kvarandre eller ha kvar si store trampoline i hagane sine. – Kulturen på Flø har alle tider vore at ein samla seg, så då treng me ein plass å samle oss, forklarer eldsjela. No håpar han at både fløfolket, turistane og galleribesøkjande får glede av leikeplassen. Røff gravemaskin På leikeplassar for born står det ofte ei leikegravemaskin. Men Peter tenkte at ei slik vanleg leikegravemaskin ikkje vil tåle det røffe klimaet på Flø. Så han har like godt sveisa ei eiga gravemaskin som er noko kraftigare og ikkje rustar så lett. Og i lag med fleire andre har Peter bygd ei sjørøvarskuta til leikeplassen. God dugnadsånd Peter Flø presiserer fleire gonger medan Vikebladet Vestposten snakkar med han at han ikkje hadde greidd dette aleine. Folk har vore flinke å stille opp. Dugnadsånda i bygda er stor, så oppmøtet på dugnadene har vore godt. Barnefamiliane har vore flinke til å stille opp og ta i eit tak. – Då eg sende ut brev om dugnad var det fleire av nybyggjarane som tok kontakt og ville stille opp. Det syner kor godt miljø her er, seier Peter. Den nye leikeplassen er alt teken i bruk, men han er ikkje ferdigstilt. Truleg blir det offisiell opning på jonsokaftan. Og fløfolket set så stor pris på innsatsen til Peter at dei vurderer å kalle leikeplassen for Petersplassen.

Peter Flø har lagt ned ein god innsats for den nye leikeplassen på Flø.
Bygdefolket har stilt opp på fleire dugnader for å få på plass den nye leikeplassen. Frå venstre: Torgeir Grimstad, Åshild Sævik, Styrk Sævik, Trond Roppen og Asbjørn Flø.
Peter Flø har sveisa ein leikegravemaskin som ikkje rustar i det røffe klimaet på Flø.