Ålesundsregionens Havnevesen har sendt ein forespurnad til Hareid kommune om plass for opplag av boreriggar.

Kommunalsjef Nils Yngve Nupen har sendt spørsmålet vidare til Kystverket, som er dei som har mynde i slike saker.

Ålesundsregionens Havnevesen skriv at dei sjølve ikkje har fasiliteter til opplag av riggar ved kai. Det vil legge beslag på kaier der det til dagleg er stor trafikk. Men i Ålesund er dei kjende med at eit område på Hareidsvika har vore nytta til dette før.

Hareidsvika er interessant først og fremst på grunn av at området ligg sentralt til i høve til riggane sine naturlege operasjonsområde.

I følgje Ålesundsregionens Havnevesen skal rigg-eigarane vere på utkik etter både kai-plassar og ankringsområde.