Ein mann frå Ulstein køyrde i fjor haust av vegen og kolliderte med ein lyktestolpe på sida av sitt eige køyrefelt.

Mannen har forklart at han ikkje hadde spesielt stor fart, men at bilen fekk ein del skader. Det same vart lyktestolpen.

Det var ingen passasjerar med i bilen.

Rett etter utforkøyringa begynte mannen å drikke vodka. Til Sunnmøre tingrett har han forklart at han drakk mykje denne kvelden, også i tidsrommet mellom klokka 19.00 og 20.05. Han tenkte irrasjonelt, sjølv om han forstod at køyring i ein lyktestolpe kunne føre til  at politiet kom til å etterforske saka.

Og det var akkurat dette som skjedde.

Promilla vart målt til 2,23.

Mannen hadde heller ikkje førarkort.

Sunnmøre tingrett har dømt han til fengsel i 30 dagar, til å betale ei pengebot på 55.000 kroner og til tap av førarrett i femten månader.