Dagleg leiar i Maritim Foreining for Søre Sunnmøre, Terje Høybakk, ber Møre og Romsdal Fylkeskommune om å få vere med i prosessen rundt anøggbåtruter i fylket. Dei kjenner til at fylket er i innleiande fase med omsyn til anbod for snøggbåtrutene i fylket, med unntak av Kystekspressen.

MAFOSS vil gjerne bli orientert om korleis framdrifta i saka er, og dei ber om at dei får vere på lista over instansar som får saka til høyring.

Om fylket har planar om å gjennomføre lokale møte ønskjer dei å delta i slike møte.

– Vi ønskjer å bidra positivt i saka der vi vektlegg næringslivet sine synspunkt, skriv Høybakk i brevet til fylket.