Regjeringa vil kutte i støtta til folkehøgskulane. No håpar rektor ved Sunnmøre Folkehøgskule på hjelp frå Venstre og KrF.

– Dette er eit framlegg som vil gå ut over alle folkehøgskulane. Om ein går frå studiestøtte i ti månader til berre ni månader for elevane, så vil det truleg gjere det mindre interessant å gå på folkehøgskule, seier rektor ved Sunnmøre Folkehøgskule, Arnt Ole Grimstad.

I framlegget til statsbudsjett frå Høgre og Framstegspartiet ønskjer ein å kutte totalt 35 millionar kroner frå folkehøgskulane. Mellom anna ønskjer Solberg-regjeringa å redusere studiestøtta for elevane frå ti til ni månader, samt eit generelt kutt i støtta til folkehøgskulane på 22, 7 millionar.

Vil råke kortkursa

– Eg ser ingen logikk i dette. Det vil kanskje bety at fleire ikkje vil kunne ta seg råd til å gå på folkehøgskule, og får ikkje skulane elevar så vil dei også slite økonomisk, fortel Grimstad.

Rektoren ved Sunnmøre folkehøgskule seier han registrerer at det er kortkurs regjeringa ønskjer å kutte ned på, men at han ikkje klarar å sjå korleis denne differensieringa skal gjennomførast.

Rektoren ved Sunnmøre Folkehøgskule fortel at skulen har gjort ein del grep etter flyttinga frå Reiten og opp til Varleite.

– Vi er ikkje berre ein folkehøgskule, men også store på mellom anna catering og sommarhotellet. Tilskota til folkehøgskulane har ikkje vekse i same takt som lønningane til dei tilsette. Dette har vore spelt inn til styresmaktene, men det blir likevel eit større og større gap, seier Grimstad og forklarer at då må skulen tette holet med inntekter frå andre aktivitetar.

Lågt fråfall

No fryktar han at situasjonen skal bli endå verre for folkehøgskulane, og Grimstad synest det er merkeleg at forslaga til kutt kjem no.

– Vi hadde denne «heklesaka» med Unge Høgre, og då kom meldinga frå moderpartiet om at dei ikkje ville kutte. At dette kjem no når ein seier at ein skal satse på utdanning og få folk ut i arbeid må sjåast på som eit gedigent løftebrot, meiner Grimstad og peikar på at til forskjell frå anna utdanning som opplever stort fråfall, er dette berre på fire prosent hjå folkehøgskulane.

– Våre elevar er svært motiverte, slår han fast.

Håpar på støtte

Arnt Ole Grimstad fortel at han no set sin lit til at KrF og Venstre skal påverke regjeringar til å droppe kutta, og Grimstad får støtte frå fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde (V).

- Folkehøgskulane bør få honnør og lyftast fram som eit skuleslag som fyller ei viktig rolle i utdanningssamfunnet vårt, og ikkje straffast av ein dramatisk reduksjon via statsbudsjettet, seier Gjerde.

Ho legg til at folkehøgskulane har ein spesiell funksjon til dømes for elevar som må tenkje seg litt om, eller få eit år til å utvikle seg mentalt og sosialt.

– Folkehøgskulane fyller også ein viktig rolle for ungdomar som ikkje greier å stå i presset om eit beint utdanningsløp av ulike årsaker, slår Gunn Berit Gjerde fast.

Uttalen frå Gjerde gler Grimstad, som håpar Venstre også nasjonalt vil ta same standpunkt.

– Dette heng ikkje på greip. Vi har ikkje fått det vi burde tidlegare, og vi har fått klare signal frå både kunnskapsministeren og statsminister Solberg om at det ikkje skulle kuttast.

Kunnskapsministeren er sett opp som talar då folkehøgskulane skal feire 150 år.

– Dersom forslaget blir vedteke bør han ha ein flau smak i munnen, meiner Grimstad.