Det ser diverre ut til at finevêret takkar for seg for denne gang. I følgje yr.no kan du bu deg på regn allereie til kvelden, men før den tid byr vêrgudane på temperaturar opp mot 26 grader.

Onsdagen kan du risikere å bli vekt av lyn og torden og relativt kraftige nedbørsmengder. Det er meldt opplett resten av dagen, men torsdag ser det grått ut. Vinden vil komme inn frå nord, noko som vil gi lavare temperaturar utover i veka. Laurdag ser det imidlertid ut til å kunne  bli eit lite blaff av sommar att.

Vervarslingstenesta Storm melder om at det i starten av neste veke vil verte temperaturar nede i ynkelege 9 grader, så då er det godt vi har fått nyte ein lang periode med deilig sommarsol.

Fram til regnet kjem, har værvaslinga sendt ut OBS-varsel om at det for tida er lokal stor fare for gras- og lyngbrann.