Klokka 12.30 laurdag ettermiddag fekk politiet melding om ein bil køyrde inn i ein parkert bil i Ørsta - og stakk frå staden.

Eit vitne var derimot observant, og noterte ned bilens kjennemerke.

Mistenkte i saka vart så oppsøkt av politiet, og erkjende også forholdet.

Sunnmøre politidistrikt opplyser at dei vil opprette ei sak.