Bilistar som skal parkere i Hareid sentrum må merke seg at det frå om ettermiddagen 27. juni ikkje er lov å ha bilar ståande på parkeringsplassane ved Hareid sentrum. Dette gjeld både parkeringsplassen mellom Sparebanken Møre og Hareid rådhus, og parkeringsplassen på oppsida av Hareid rådhus.

Bakgrunnen for parkeringsforbodet er det årlege arrangementet "Opplev Hareid". I tida 3.-6. juli skal Bergstrems Tivoli vere på Hareid, og dei skal rigge opp utstyret sitt på dei to parkeringsplassane.

Taua bort på eigars rekning

Dagleg leiar Rakel Dyrhaug i Hareid Næringsforum opplyser at bilar som står parkerte på desse plassane 27. juni om ettermiddagen vil bli taua bort for eigar si rekning.