Det sa Eiksundsamband-general Knut Nærø då den andre konserten i ”Eiksundsamklangen 2014” var i hamn i Herøy kyrkje søndag.

- Ja, dokke kan gjerne læje åt meg, la Nærø til då publikum smilte og lo av utsegna.

Og Nærø heldt fram:

- Då samferdselsminister Solvik-Olsen fekk høyre at 3-400 songarar var samla i desse avslutningskonsertane, sa han at han ikkje trudde det gjekk an.

- Men då sa eg til han: ”Her i mitt distrikt går alt an, berre du står på!”

6 år med bompengar slutt

I år er det seks år sidan fastlandssambandet mellom Ørsta/Volda og Hareidlandet vart opna. No er bompengeperioden over. Også den gongen vart sambandet markert med korkonsertar – og som i år vart konsertane avslutta med Svein Møllers nydelege ”Surely goodness and mercy”.

Ja, denne hymnen med dei uvanleg vakre toneføringane må leiinga ha forelska seg i, for ”Surely goodness” fekk vere både avslutningsnummer og ekstranummer.

Som Øyvind Holsvik i arrangementskomiteen sa det:

- Då vi tok til oss ein to år gamal colombiansk gut og hadde fått han døypt, kom det frå han like etterpå: ”Ein gong til pappa”.– Og det trur eg vi gjer no også.

500 betalte sine siste bompengar …

Dagens primus motor og dirigent Svein Eiksund og dei over 300 songarane song for vel 200 betalande i Voldakyrkja.

I Herøy var der endå fleire, så tilsaman betalte nærare 500 for det som i overført tyding kan kallast dei aller siste bompengane i Eiksundsambandet.

Songarane gjekk sjølvsagt gratis.

Heidra Aam og Møller

To sentrale toneskaparar – ein på kvar side av Eiksundsambandet – vart spesielt løfta fram denne gongen: ørstavoldingen Magnar Aam og herøyværingen Svein Møller.

Aam var i aller høgste grad til stades under konsertane, både som dirigent for Volda Vokal og som skapar av tingingsverket ”Ei bøn … oss sjølve”.

Aam sin vilje til å gå uopptrakka vegar var lett å sanse. I tingingsverket las tekstforfattar Kolbjørn Støyle linjer som denne: ”… der fjordane tyrstar og drikk begjærleg”, og så song Volda Vokal-songarane ”Dona Nobis Pacem” – og alle dei andre songarane i salen skapte rislelydar som båra frå kor til kor gjennom kyrkjeromet.

Aam hadde også med ein annan komposisjon i denne konserten, ”Morgon ved Rotevatnet” / Softly, as in a morning sunrise”, som var ein innbydande og lettfatteleg komposisjon med bassgangar som gjorde underverk.

Aam hadde også laga eit nytt arrangement til ”Den fyrste song”.

Svein Møller døydde altfor ung i 1999. At Knut Nystedt tok over nokre av verka han aldri fekk fullført, seier litt om kva posisjon Møller hadde alt då.

– Ein uvanleg raus person som tileigna komposisjonane til både den eine og den andre, fortalde Svein Eiksund. T.d. er ”Plans for peace” tileigna ”Sigrid på 50-årsdagen på menighetskontoret på Nordstrand”, medan ”Surely goodness and mercy” vart tileigna ein 80-åring året før Møller døydde.Møller sine komposisjonar treffer ein nerve i oss som står i kontakt med det inderlege. Han kler dei utvalde tekstane på ein fager måte. Komposisjonane hans vil nok spreie seg meir og meir utover i kor-Norge.

Når vi er inne på komponistar, må også nemnast at Torgeir Hauge frå Gursken fekk framført fleire av arrangementa sine denne søndagen – og som dirigent for damekoret Sirene løyste han ut sterke applausar.

Opningsnummeret i konserten - ”Å ver hjå meg / lei milde ljos, igjennom skoddeeim” vart ei pangopning av konserten, med Hauge også som arrangør.

Fellesnumra ”rula”

Sjølv om dette var ein konsert frå øvste hylle på alle måtar, var det nok fellesnumra som ”rula” mest og vil bli hugsa. Det var for det meste kjende salmar, som fekk ei volumiøs utdjuping, og ofte med ei oppbygging der manns- og kvinnestemmene spelte opp mot kvarandre i starten – for så å gjere felles sak i eit fulltonande avslutningsvers.”Den kvite symra” var ein slik fellessalme, der ”symrekledde sunnmørske vårbakkar” vart mana fram for publikum sine indre auge i ei monumental toneprakt.

Det store punktumet i begge endane var likevel ”Surely goodness and mercey”.

”Oho” sa det ein stad i salen då denne vart framført for andre og absolutt siste gong på både avslutningskonserten og i Eiksundsamband-samanheng.