– Til saman er det løyvd nærare 800 millionar kroner i 2016 til auka lærartettleik for dei yngste elevane, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.

Pengane som vart løyvd i fjor og i år skal vere nok til 1000 lærarstillingar i Noreg. I fjor løyvde regjeringa 370 millionar til dei hundre kommunane som hadde lågast lærartettleik. I år løyver dei 320 millionar ekstra som skal fordelast til alle kommunar.

I tillegg kjem det nokre kroner til eit forskingsprosjekt til å forske på kva effekt auka lærartettleig har å seie for elevane.

– Nokre av dei kronene vil gå til forsking, og nokre av dei kronene vil gå til å setje inn fleire lærarar, opplyser Åsmund Eide i Kunnskapsdepartementet til Vikebladet Vestposten når me lurer på korleis dei får 800 millionar av å leggje saman 320 millionar og 370 millionar.

– Det viktigaste målet for regjeringa sin skulepolitikk er at elevane skal lære meir. I dag går altfor mange elevar ut av ungdomsskulen utan å kunne rekne og lese godt nok. Med fleire lærarar for elevane frå første- til fjerdeklasse styrkar me tidleg innsats i skulen, meiner kunnskapsministeren.

Frå 1. august får alle kommunar øyremerkte midlar til å tilsetje fleire lærarar for dei yngste.

Så mykje utgjer det lokalt

Når ein bryt ned tusen stillingar til fordeling utover heile landet blir det ikkje mange stillingar att.

Hareid kommune vil få 707 356 kroner totalt for budsjettåret 2016.

Ulstein kommune vil få 1,3 millionar kroner totalt for budsjettåret 2016.

Herøy kommune vil få 1,27 millionar totalt for budsjettåret 2016.

Sande kommune vil få 389 000 kroner totalt for budsjettåret 2016.