Vått og grått. Slik kan ein kjapt oppsummere vêrmeldingane for Hareidlandet denne helga. Yr.no melder om jamt og trutt med nedbør gjennom heile helga, men lokkar samstundes med at det skal verte betre.

Frå måndag av er det nemleg venta opphald og ganske bra vêr heile dagen. Temperaturane blir truleg ikkje så mykje å juble for heilt endå, men ifølgje meteorologane skal også dei truleg gjere eit byks utover i veka.

Og der helga ser ut til å verte våt, kan det sjå ut til at vi får stort sett opphaldsvêr den komande veka, men truleg med meir skyer frå onsdag og utover. Då er også langtidsvarselet meir usikkert i høve nedbør.