- Nordområda er i dag eit møtepunkt for verdsmaktene, med så store ressursar at det skaper tryggingsspørsmål. Men det var selfangsten som var den første næringa i desse områda, og Ishavsmuseet kjem til å bli eit eit svært viktig dokumentasjonssenter.

Stein Ørnhøi, tidlegare journalist og politikar, var komen til Ishavsmuseet fredag for å snakke om turen han og tre andre NRK-folk hadde til New Foundland i 1968. «Med kamera, headset og hakapik» var tittelen på foredrag. Men det var tydleg at Ørnhøi ville meir enn å mimre om ein tur i isen.

- Eg trur ikkje de som er her i kveld forstår kor viktig Ishavsmuseet er, sa han både innleiingsvis og til avslutning, og heldt fram:

Viktig for heile nasjonen

- Nordområda er i dag eit heitt tema. Kina har bygd seg tre isbrytarar. Nordaustpassasjen er i ferd med å opne seg og kjem til å bli ein viktig transportveg. Om lag 60 prosent av biomassen i verda ligg i havet i nordområda, og i ei verd der folketalet veks, kjem det til å bli ein kamp om å få vere med på nordområdsatsinga. Men det var selfangarane som kom først, og Ishavsmuseet blir eit viktig dokumentasjonssenter for korleis det heile starta. Museet blir viktig for Hareid, for Sunnmøre og heile nasjonen, sa han.