Det har vore ein helst tannlaus 1. omgang på Høddvoll i dag. Begge lag har kome seg til tre kvalifiserte sjansar, men det handlar mest om å halde ballen i laget. For Hødd har Sjølstad gått ut med strekk - og vart erstatta av Shroot.

Eirik Ulland Andersen blir prøvt som spiss denne gongen. Men etter at Shroot kom inn har Andersen trekt ned på midtbana.

Blåsarane syng "Sjalalala - sjalalala eei Nye Hødd" utan å få veldig mykje respons ute på bana.

Pluss i dag er at keeper Jan Lennart Uke står fram som veldig solid etter den frynsete Mjøndalen-kampen.

Det går mot ein heilt open 2.-omgang.