Vi brukar stadig meir pengar i tida fram mot jul. I 2015 brukte nordmenn i snitt nærare 11.000 kroner på julehandel. Det merkast også hjå Søre Sunnmøre Reinhaldsverk (SSR), og no ber kommunikasjonsansvarleg Linn Urke Osnes folk om å tenkje litt annleis i tida fram mot jul.

Kjøper mykje vi ikkje treng

– Avfallsmengdene har auka med 50 prosent sidan 1995. Det er heilt sjukt. Vi blir oppmoda om å kjøpe heile tida, og for at samfunnet skal gå rundt så må vi også handle. Men eg trur vi ender opp med å kjøpe mykje som vi ikkje har behov for, og mykje som har veldig kort levetid samanlikna med tidlegare, seier Urke Osnes, som legg til:

– Eg trur dessverre at mange av gåvene som ligg under trea i år ganske snart kjem til å ende oppe med oss. Anten fordi dei ikkje verkar, eller grunna manglande interesse.

Difor meiner ho vi kan ha godt av å tenkje oss litt om no i tida fram mot jul. Sjølv har no nokre idear som ho trur kan skape ei god jul, utan å skape meir avfall enn naudsynt.

Kort levetid

Urke Osnes peikar mellom anna på at det er viktig å både lage seg ønskjelister og å spørje dei ein skal gje gåve til om kva dei faktisk har lyst på eller behov for. På den måten minkar sjansen for å gje vekk noko som mottakaren ikkje er interessert i.

– Mange julegåver blir i beste fall bytta. Elles blir dei kanskje brukt eit par gongar, før vi dessverre ser at mange hamnar på reinhaldsverket. Det er ofte snakk om leiker eller elektronikk av dårleg kvalitet, og med kort levetid.

Difor meiner Urke Osnes det kan vere betre med alternative gåver. Slikt som gåver til gode formål, mat og drikke eller handverk og handarbeid.

– Det har også blitt meir og meir vanleg å kjøpe ting brukt, og det synest eg er veldig positivt. Kanskje er terskelen litt større for å kjøpe noko brukt til julegåver, men fine eller spesielle bøker, smykke, vasar eller andre tidlause ting er sånt eg tenkjer ein kan gje vekk.

Bruk fantasien

Ho slår også eit slag for aktivitetar under treet.

– Det er noko eg er veldig glad i sjølv. Det kan vere så mangt, men alt frå kinobillettar, kulturopplevingar som konsertar eller resturantbesøk. Kanskje noko som ikkje kostar noko? Ein fisketur eller fjelltur. Har du ei bestemor eller ein bestefar som ikkje er så stødige på data, så kan du gje dei datakurs. Det er berre å bruke fantasien, meiner ho.

Også i tida fram mot jul håpar Linn Urke Osnes at folk kan tenkje litt alternativt, for ho meiner også dei mange adventskalendrane kan skape auke avfall.

– Eg er småbarnsforelder sjølv, og trur nok at det har blitt litt slik at vi føler at ting må vere på den og den måten for at vi skal glede barna våre. Vi håpar på å oppnå maks glede, men ender opp med ein del slitne folk. Det er nok mange som no sit og pakkar inn små gåver til kalendrane våre. Det har jo nærast blitt ei norm med desse kalenderpakkane, sjølv om det er stor forskjell på kor mykje innsats ein legg i det.

Urke Osnes peikar spesielt på at kalenderen blir noko ein gjer i hui og hast, så kan det ofte ende med gåver som berre gir kortsiktig glede.

– Eg har laga slike kalendrar sjølv, og då blir det ofte til at ein lagar det til kvelden før og då er det lett å rive med seg noko som ikkje har nokon verdi. Det er kanskje gøy den dagen, men så ser ein det ligge å slenge kort tid seinare.

Også her har ho nokre idear til kalendrar som kan vere med på å redusere i avfallsmengdene.

– Ein legokalender er noko som kan kjøpast, og som ein kan bygge på undervegs, men som også har verdi etter kalenderperioden. Ein har også forskjellige loddkalendrar, og sjølvsagt dei gode gamle sjokoladekalendrane. Sjølv skal eg prøve meg på ein aktivitetskalender. Det har eg ikkje gjort tidlegare, men no har eg basert meg på ein som kjem frå Sortere.no. Der kan det vere ulike ting, som at ein får vere oppe så lenge ein vil, at ein går på kino, ete julegraut. Det kan vere enkle ting, og gjerne ting som ikkje kostar pengar, meiner ho.

Flinkare å sortere

Sjølv om forbruket vårt er svært stort, og vi produserer store mengder avfall, så ser Urke Osnes nokre lyspunkt.

– Vi ser heldigvis at vi blir flinkare og flinkare til å sortere, og til å besøke miljøstasjonane for å sortere større ting der. Det er veldig positivt, meiner ho.

Men det må meir til.

– Det aller viktigaste er å ikkje lage avfallet. At vi blir flinkare til å tenkje oss om, reparerer det vi har, alt vi kan gjere for å halde avfallsmengdene nede vil sette oss på veldig god veg. Skulle alle på kloden brukt like mykje energi og råvarer som vi gjer i Norge, så måtte vi hatt tre jordkloder. Det er vanskeleg å snu trenden, men vi ser at mange blir meir og meir bevisste, fortel ho.

– For min del tenkjer eg at det handlar om sunn fornuft. For vi skal ikkje slutte å ha det gøy i jula, eller slutte å gje kvarandre gåver, seier Linn Urke Osnes.