Linn Urke Osnes i Søre Sunnmøre Reinhaldsverk fortel at dei ikkje ønskjer brukt tøy i dunkane frå dei.

I den nye gjenvinningshallen som vart opna i Saunesmarka sist fredag er det mange ulike behaldarar for ulike sortar avfall. Men ingen for tøy. Og det brukte tøyet skal heller ikkje i restavfallet ditt.

Treng ikkje vere fint

Mange tenkjer at det dei kastar frå seg i klescontainerar må vere fint nok til å gje vidare. Det er skammeleg å gje frå seg slikt som ikkje er «fint nok». Men slik skal ein ikkje tenkje. Bortsett frå at tøyet som blir kasta skal vere reint og tørt, er det ikkje krav til korleis det ser ut.

Du kan donere alt av klede, sko, belte, gardiner, sengetøy og alt anna av tekstilar. Ein del sel Fretex vidare på butikkane sine. Dei deler også ut ein del til trengande.

Urke fortel at ho har vore på avfallskonferanse med Fretex, og dei seier at det som blir samla inn i Noreg eg av særs god kvalitet og kjem til nytte.

– Fretex er gode på redesign, fortel Urke. Dei lagar nytt av gamalt. Gamle skinnjakker kan bli vesker og pennalhus. Bokomslaga til gamle bøker blir brukt til notatbøker. Og dei syr vesker og iPad-cover av gamle stoffrestar.

Det mest slitne kan bli brukt til isolasjon, filleryer eller pussefiller.

Kleda som blir samla inn i UFF-containerar går til ombruk i Europa og Afrika. Også dei blir glade for alt dei får av tøy, så lenge det er reint og tørt.

Den siste tida har det kome klesconteinerar frå Fileks AS, som også samlar inn brukt tøy.

Sparer miljøet

SSR byrje for to år sidan å sjå på kor mykje som blir samla inn lokalt i klescontainerar frå Uff og Fretex. Det er 6,6 kilo i året, per innbyggjar. Fretex skriv på nettsida si at ved å gjenvinne 1 kilo tøy så sparer me miljøet for utslepp av heile 11 kilo Co2, ein halv liter kjemikaliar og nesten 2500 liter med vatn som ville gått med til produksjon av nye tekstilar.

Gjenbrukstorg

I ein krok av den nye avfallshallen til SSR er det laga til eit gjenbrukstorg. Her kan folk setje frå seg gjenstandar som kanskje andre som er innom kan ha glede av. Her er lamper, vasar og ein uopna pakke med raude julekuler.

– Du får litt betre samvit når det du kastar kjem til nytte, seier Urke og har stor sans for gjenbruk.