Trude Gurskevik Knotten har lagt ut ei oppmoding på facebooksida si om at folk må møte opp ved Dimna skule klokka 19.30 onsdag for å gå i tog til Sjøborg der det avgjerande hekkløpet til Karsten Warholm blir vist på storskjerm.

- Vi lagar eit grønt tog, og vi oppmodar alle som kan krype og gå til å vere med på heile - eller deler av vegen. Ca. klokka 20.15 passerer vi Straumane, skriv Gurskevik Knotten.

Ho oppmodar alle om å ta med flagg, og minner om at det alt er noko å feire: at dimningen Karsten Warholm er komen til finale i VM i London.

- No er alt berre bonus. Kom igjen folkens. Onsdag er alle dimningar!

Karsten Warholm fekk nest beste tida av alle deltakarane under semifinalen på 400 meter hekk måndag. Berre OL-meister Kerron Clement sprang raskare.