Nedgangstidene i næringslivet gjorde at Melshorn Hotell på Hareid i perioden desember 2015 til og med april 2016 var flyktningmottak. Frå oktober 2016 til april i år var det Kleven Maritime som leigde hotellet til innleigd arbeidskraft.

- Vi har brukt mai, juni og juli på å oppgradere bustadfløya, spesielt bada. Dei hadde dårleg standard og var nokså nedslitne. No er dei oppgraderte til ein god standard, fortel dagleg leiar Linda Haddal Røssevoll ved Melshorn Hotell.

Ho har no sendt ut informasjon om at hotellet snart opnar opp att, og fortel at det er i første rekke forretningsfolk dei satsar på.

- Det må vere lov å seie at Hareid ikkje er nokon turistmagnet. Turistar vil heller til Runde, Geiranger og Ålesund. Men no ser vi ei positiv utvikling i næringslivet, og vi satsar på at forretningstrafikken byrjar å ta seg opp att.

Hotellet blir ikkje marknadsført under konseptet "bed & breakfast", men som Melshorn Hotell.

Overnattingsgjestene skal få god frukost, men hotellet kjem ikkje til å opne restauranten igjen. Haddal Røssevoll meiner det ikkje er marknad for det.

Selskapslokale og møterom

- Men vi har fine selskapslokale og møterom. Så vi håper både privatpersonar og bedrifter vil bruke oss til møte/seminar, barnedåpar, konfirmasjon og minnestunder, seier Linda Haddal Røssevoll.