For å vere med i trekninga av pc,en ein Acer Aspire One, måtte deltakarane svare på to spørsmål: Kva namn fekk bygg 281 som vart døypt ved Ulstein Verft i november 2008, og kva reiarlag skal ha skipet. Kine Kvalsund svarte Viking Poseidon og Eidesvik, noko som var heilt rett. - Yrkesmessa er ei viktig rekrutteringsmesse for Ulsteinkonsernet. For mange elevar er dette første møtet dei har med bedriftene i Ulstein. Det er difor kjekt å ha ein konkurranse på standen vår slik at fleire freistar å stikke innom, fortel Berg. - Vi hadde stor interesse kring konkurransen, men det var også mange som ville ha meir informasjon om moglegheitene i konsernet, seier han. Ulsteinkonsernet er i kraftig vekst og har i dag om lag 800 tilsette fordelt over ni land. Hovudkontoret er i Ulsteinvik og selskapa på Osneset har om lag 650 tilsette. - Vi er eit av dei største selskapa på kysten med lokalt eigarskap og forankring. Kompetansen vi har her skal bevarast og utviklast vidare. Vi er difor avhengige av at unge vert kjende med det vi driv med, slik at vi får påfyll av unge og dynamiske medarbeidarar i åra som kjem. Kunnskapane vi sit på i Ulsteinvik skal brukast for å vekse internasjonalt. Vi vil difor kunne tilby mange spennande arbeidsplassar innan design, elektro, engineering og produksjon i åra som kjem, lovar ein engasjert Trond Berg og legg til: - Så det er viktig at elevar her i regionen ikkje hoppar over engelskleksene sine. Dette vil du ha bruk for uansett kva for yrke du vel.
Nyhende →
Kine vann pc på Yrkesmessa
Kine Kvalsund frå 10C ved Ytre Herøy Ungdomsskule vart den heldige vinnaren av ein PC i Ulsteinkonsernet sin konkurranse i samband med Yrkesmessa sist veke.