I kveld skal ein personbil ha køyrd inni ein ein personbil bakfrå. Dette skal ha skjedd på Grimstad i Hareid rundt klokka ti i kveld.
Det er fire personar involvert i ulukka, ingen var fastklemte, melder Møre og Romsdal 110.
Sunnmørsposten skriv at bilen kryssa gangvegen og hamna inn i ein hage etter å ha treft bilen framføre seg.
Frakta til lege
Dei fire personane som sat i bilane vart sendt til lege med lettare skadar.
Trafikken vart dirigert forbi staden.