– Det er gleda over å samle inn pengar som er poenget. Det er ikkje berre trening, seier Johanne Løge.

– Me vil gjere det til noko koseleg for vaksne og born, seier Ivar Bendik Daae Bjørndalen.

Dei to er elevar ved Sunnmøre folkehøgskule dette året. Sufh har gjennom fleire år samla inn pengar til Ilula Orphan Program (IOP). Pengane dei samlar inn går til eit prosjekt i Tanzania, som mellom anna driv ein barneheim for foreldrelause born, barnehage, skule og eit senter for unge aleinemødrer og mykje meir.

Dei to elevane har sjølve vore i Tanzania og sett at pengane kjem fram og er til god hjelp for samfunnet.

– Nesten halve skulen har vore der og me har blitt veldig engasjerte. Me ser at hjelpa dei får utgjer ein forskjell for mange, fortel Johanne.

Dei reknar med at omtrent hundre tusen menneske har fått hjelp på ulikt vis desse åra.

– Tanken er at det er hjelp til sjølvhjelp. Visjonen er at dei skal klare seg sjølve ein dag, utan støtte frå sponsorar, men vegen dit er lang, forklarer Johanne.

Mål om ein halv million

Tidlegare i skuleåret arrangerte Sufh-elevane loppemarknad, slik fekk dei inn 171 000 kroner. Etter Globalløpet sundag håpar dei å ha kome opp i over ein halv million til saman. Det trur dei er realistisk. I fjor samla dei inn 331 000 kroner på Globalløpet.

I Globalløpet spring dei ei runde på ein kilometer. Elevane og andre som deltek har skaffa seg sponsorar frå næringsliv og familie som betaler for kvar runde dei spring. Om kvar elev spring nokre rundar, blir det fort kroner utav det.

Men det blir altså ikkje berre løp. To timar for startskotet går er det gudsteneste. Deretter blir det sal av pølser, kaffi, kaker og brus. Det blir også ymse underhaldning frå ein scene.

Dei engasjerte ungdomane har sendt ut innbeding til alle tilsette i Ulstein kommune. Dei har snakka med Ten Sing og speidarane for å få dei til å stille. Og no håpar dei også bygdefolket i Ulstein og Hareid tar turen til Ulsteinvik denne sundagen, anten det er for å springe eller sjå på. For dette arrangementet er for lokalsamfunnet, ikkje berre Sufh.