For femte året på rad skal statsråden dele ut prisen på 100 000kroner til årets nynorskkommune. Ho vonar mange nynorskkommunar vilvere med i konkurransen.

- Me ynskjer forslag på kommunar som hareit medvite forhold til nynorsk, arbeider for å styrkje kvaliteteni språket og som sjølve er aktive brukarar av nynorsk i tenestenesine bør søkje. Eg veit det blir gjort mykje godt nynorskarbeid utei kommunane, så her burde det vere mange aktuelle kommunar som kansøkje, seier Navarsete.

Prisen skal gå til ein kommune ellerfylkeskommune med nynorsk som målform. Kriteria for prisen erutarbeidd i samarbeid med Landssamanslutninga av nynorskkommunar.

Tidlegare vinnarar av prisen er Stord kommune (2009), Seljordkommune (2010), Fjell kommune (2011) og Sogn og Fjordanefylkeskommune (2012).

- Alle nynorskkommunar og –fylkeskommunar ervelkomne til å søkje, òg dei som har søkt tidlegare år, seierstatsråden. Kriteria for prisen er innsats på minst eitt av områdasom er nemnde nedanfor:

  • aktiv bruk og synleggjering av nynorsk ikommunale planar

  • aktiv bruk av nynorsk i omdøme- oginformasjonsarbeid. Det kan vere heimesider, skriftleginformasjonsmateriell til innbyggjarane, opplegg for generellmarknadsføring av kommunen, til dømes gjennom kurs og annaopplæring i nynorsk eller eigne retningsliner for nynorskbruk ikommunen

  • god målbruk blant tilsette

  • marknadsføring av nynorsk ikulturarbeid og kulturarrangement tidleg nynorskinnsats ibarnehagar og barneskule

Søknadsfristen er 31. august 2013. Prisenblir delt ut i slutten av september.