Rådmannen i Hareid tilrår å godkjenne ei kostnadsramme på kr. 5.650.000,- inkludert moms for bygging av ny prestebustad.

Det skal haldast anbodskonkurranse på arbeidet. Dersom denne gir ein høgare pris, må kommunestyret til med ei ny behandling.

Det er Ravi Design som har teikna prestebustaden.

I fjor selde kommunen den gamle prestebustaden og sat att med kr. 1.889.462,-. Samtidig selde kommunen også Solsteinen 33, som gav kr. 1.786.850,- i inntekter. Desse beløpa er disponible i dag.

Det er bispedømerådet som har utarbeidt kravsspesifikasjonane. Her står det bl. a. at bustadarealet skal vere på minimum 180 m2, og bustaden skal ha dobbelgarasje. Møre bispedømeråd godkjende prosjektet  i møte 24. april.

Når det gjeld den daglege drifta av bustaden betaler Møre bispedømeråd rentekompensasjon, vedlikehaldstilskot og kommunale utgifter. Kommunen må ordne med finansieringa.

Den valde tomta ligg ved vegen over Pålhaugane, berre eit steinkast bak den tidlegare prestebustaden.

I finansieringsplanen er det sett opp kr. 2.550.000,- frå bundne fond og kr. 3,1 mill. i lånemidlar.

Rådmannen tilrår å innarbeide prosjektet i den komande revisjonen av investeringsbudsjettet.

I forslaget til vedtak tek rådmannen atterhald i Fylkesmannen si godkjenning.

Ruth-Eva Sollie tek til som sokneprest i Hareid i august. Ho er gift med ørstingen Kristian Myklebust, som skal inn i ei ungdomspreststilling i Hareid og Ulstein. Inntil den nye prestebustaden er ferdig, skal dei bu i eit midlertidig husvære i Melshornlia.